Trafikkopplæring
Om behovet
Startpakka
Oslo/Akershus
>Om Barnebyane
Sponsorar
Drifta
Undervisningsplaner
Faggruppe
Hovedside
Passordbeskyttet område
Kontakt: lkb@barnas.no
 
 
Om barnebyane.
 
Vi vil gi barna eit øvingsområde der dei kan få sjølvstendig trafikal trening utan å bli eksponerte for risiko. Vi har skapt eit miljø med dei vanlegaste trafikale utfordringane barna møter i skolekrinsen og i nærmiljøet. Vi skaper trafikk gjennom eit aktivt og morosamt rollespel.

I våre barnebyar vil all opplæring vera retta mot gåande barn sine trafikale utfordringar som dei møter til dagen. Våre barnebyer har eit aktivt trafikkmiljø. Vi har utvikla eit trafikalt rollespel tilrettelagt for læring gjennom aktivitet og leik.

På dagtid skal lærarane sammen med skole og heim, drive dette prosjektet. Dei skal undervise barna på skolen og stå for øvingsdagen i barnebyen. Det er dei som skal jobbe i etterkant i skolekrinsen og i nærmiljøet. Vi ynskjer også foreldra velkommen saman med skolen. I tillegg vil våre instruktørar alltid væra tilstades og dei vil bistå fagleg og praktisk med gjennomføringa av ulike kurs.

På kveldstid vil barnebyen være tilgjengeleg for foreldra og barna. Her skal barna spela ”Spelet om trafikken” saman med våre instruktørar. Vi ynskjer gjerne at foreldre og føresette skal væra med i dette spelet.
Barnebyane vil i tillegg væra eit kompetansesenter for barn og trafikk for nærmiljøet. Våre instruktørar vil få opplæring og oppdatering innan barnetrafikkpsykologi og barnetrafikkpedagogikk. Barnas trafikkskole si faggruppe vil følgje utvikling og ha det faglege ansvaret i kvar barneby.

Sikker trafikal åtferd som gåande krev at ein har riktig kunnskap og innøvde ferdigheiter. Trafikal åtferd blir forma gjennom formidling av kunnskap og gjennom erfaring. Kunnskap og erfaring formar haldningar. Vi vil gi barna kunnskap og erfaring som kan gi trygge og gode trafikale haldningar.