Trafikkopplæring
Om behovet
Startpakka
Oslo/Akershus
Om Barnebyane
Sponsorar
>Drifta
Undervisningsplaner
Faggruppe
Hovedside
Passordbeskyttet område
Kontakt: lkb@barnas.no
 
 

Drift av Barnas trafikkskole.
 
For at dette prosjektet skal realiserast, må vi ha statleg
garantiar eller driftstilskot i heile prospektperioden.
 
Driftsutgiftene til Barnas trafikkskole skal dekke fylgjande: 
 
Generell kompetanseutvikling innan barnetrafikkpsykologi og barnetrafikkpedagogikk. (faggruppe/forsking)

Utdanning av lærerar (på sikt, modulbasert studie med studiekompetanse).

  • Organisering av ulike kurs (generell administrasjon, tilrettelegging)
  • Skoleklasser til øving i barnebyen (instruktør til gjennomføring)
  • Etterarbeid for skolene (It- oppfølging i skole/nærmiljø).

 
Alt av investeringar og vedlikehald er knytt til ekstern finansiering i dette prosjektet. 
 
Vi ber staten om å dekke kostnadene til kompetanseheving i skulane og til praktisk/teoretisk kunnskapsformidling i faget trafikk.
 
Vi veit at kommunar og skular prioriter sine midlar innanfor stramme rammer. Deira budsjetter synest ikkje å tåle større nye tiltak som forpliktar dei over lenger tid. 
 
Vi meiner at dette prosjektet har stor samfunnsinteresse og trur det vil kunne vise positiv kost/nytte effekt. For å kunne evaluere prosjektet sikkert, må prosjektet ha en viss varigheit og omfang. Vi meiner tre år vil være tilfredsstillande, då vil ca. 1300 skuleklassar ha vore gjennom prosjektet. 
 
På dagtid skal vi samarbeide med skolen gjennom vår fem trinns startpakke. På kveldstid skal vi samarbeide med foreldra. Våre klubbkveldar vil gi mengdetrening i trafikal åtferd. Instruktørane frå Barnas trafikkskole vil då overta der lærarane i skolen slapp. Dette vert betalt av barnas føresette.
 
Vi er overtydde om at foreldrene vil være viljuge til å investere i ulykkesførebyggjande arbeid for sine barn. Dette vil både være i foreldrene si eiga interesse og godt for samfunnsøkonomien. 
 
Åtferd i trafikk er en sosial åtferd. Vi meiner at eit engasjement mellom barn og vaksne både vil styrkje barna si åtferdsutvikling som gåande, men også kunne påverke bilførars forhold til sine og andres gåande barn i trafikken.