Trafikkopplæring
Om behovet
Startpakka
Oslo/Akershus
Om Barnebyane
>Sponsorar
Drifta
Undervisningsplaner
Faggruppe
Hovedside
Passordbeskyttet område
Kontakt: lkb@barnas.no
 
 
Sponsorar.
 
Vårt mål er å finansiere alle investeringskostnadene ved dei to barnebyane gjennom sponsormidlar. Vi ynskjer å tilby profilering til lokale og nasjonale interesser. Vi tilbyr store og små sponsorar deltaking.
 
Det er ein føresetnad at staten kostar drifta av dei to banane i tre år. Vi vil at dei som går inn med midlar i dette prosjektet skal vera trygge for at pengane deira set i gang tiltak som vert avtalt. Vi vil ha statlege garantiar som sikrar at drifta av prosjektet vert gjennomført innanfor dei rammene vi planlegg.
 
Vi meiner å kunne presentera eit svært sponsorvenleg prosjekt. Vi meiner å kunne tilby seriøse sponsorar eit stort og spennande eksponeringspotensiale. Vårt prosjekt har stor samfunnsinteresse, og vi er derfor til no blitt møtt med velvilje og aukande merksemd både i pressa og i marknaden. 
 
Vi presenterer eit heilt nytt, seriøst og strukturert pedagogisk opplegg innan trafikkopplæring. Sponsorar som vil profilere seg innanfor tema barn og trafikk vil som deltakarar i dette prosjektet kunne oppnå fagleg sterk og stor medieinteresse. Vi ser heller ikkje bort frå at vårt prosjekt også kan ha internasjonal medieinteresse. 
 
Våre sponsorar vil bli profilerte i landets kulaste klasserom saman med glade barn i moderande og aktive læringsprosessar!
 
Vi vil være aktive mot alle medier. Spesielt vil vi søke å bli profilert gjennom TV, men også gjennom reportasjar og billedpresentasjonar i ulike fagblad og tidsskrifter. 
 
Vi vil gjerne delta saman med våre sponsorar i utviklinga av ulike strategier for vårt profileringsarbeid. Vi vil tilby våre sponsorer innsyn i våre budsjett, presentert gjennom ein av våre samarbeidspartnerar, Noraudit. Vi vil følgje opp med informasjon om drift og resultater. 
 
Våre sponsorer blir aktive partnarar i arbeidet for å gi våre barne betre trafikale haldningar.
 
Vi ynskjer Dykk alle hjarteleg velkommen!