Barnas trafikkskole si faggruppe.

Barnas trafikkskole etablerer ei eiga faggruppe som skal  setjast saman av dei beste fagfolka i landet innan faget trafikk. Faggruppa skal ha det trafikkfaglige ansvaret for den aktiviteten som vert driven i regi av Barnas trafikkskole. 

Faggruppa skal ha ansvar for å utvikle kurs for lærarane og å gjennomføre desse. Kursa skal haldast for både instruktørar og lærarar som skal gjennomgå kurs i Barnas trafikkskole sine barnebyar. 

Vårt mål er at dei kursa som lærarane kvart år skal gjennomgå, skal bli modulbaserte og gi studiekompetanse innan barnetrafikkpsykologi og barnetrafikkpedagogikk.

Vi jobbar for tida med å setje saman ei faggruppe med aktører innan fag det er naturleg og nyttig å og søke kunnskap frå og samarbeide med. Dersom du har gode forslag til kandidater, ville vi være takksame for tilbakemeldingar.

Vi tenkjer oss å sette sammen faggruppa med representantar frå fylgjande miljøer: Representant frå Styret i ATL. Representant frå det pedagogiske miljø. Representant frå skoleverket. Representant frå trafikklærarskolen. Representant frå trafikkskolane. Representant frå KUF. Representant frå det filosofiske miljøet. Representant frå forskarmiljø innan åtferd. 
Nokre av desse representantane er allereie på plass.

Faggruppa vil i tillegg til kursverksemd også arbeide vidare med nye læreplanar og undervisningsopplegg. Vi ser ikkje nokon grunn til at det ikkje skal være utvikla ein læreplan for trafikkopplæring for alle klassetrinna i skoleverket.

Vi har skigymnas, fotballgymnas etc. Vi er en liten nasjon med mange av verdas beste utøvarar innan skiidrett og fotball.

Når får vi det første trafikkgymnaset?